Skriftstørrelse

  • Hjem
  • Nyheter
  • Nytt SFO - tilbod på onsdagane i Hægebostad

Nytt SFO - tilbod på onsdagane i Hægebostad

Frilufts SFO for 1. – 3. trinn startar opp i Tingparken frå august 2018. Der skal frilufts SFO ha fast base. Det vil bli eit variert opplegg med mange aktivitetar både i nærleiken av Tingparken og andre stader i kommunen og regionen. Vi ønskjer å lage kvardagar fylt med glede, undring og leik. 

Elevane skal bli venar på tvers av skular og alder, dei skal finne glede i meistring og dei skal lære seg nye ferdigheitar. Dei skal få rikeleg med mulegheiter til å boltre seg i naturen, undre seg over  skiftande årstider, lage mat ute året rundt, hauste og sanke av naturen sitt spiskammers.  Målet er at dei skal bli kjent med natur og kultur, både lokalt og regionalt, samt at elevane som framtidas vaksne tar vare på naturen. Det blir utarbeidd eit årshjul for frilufts SFO. Der vil det mellom anna inngå:

  • Vinteraktivitetar (eks. skiturar/skøyter/aking)
  • Sommaraktivitetar (eks. padling, fisking, livet i fjæra, Lista)
  • Førstehjelpskurs/formingsaktivitetar
  • Barnevandrarstien/Kvåsfossen
  • Fuglekasseprosjekt
  • Hyttebygging
  • Samarbeid med Vest-Agder museet om aktivitetar
Pris er som i vanleg SFO kr. 43.- pr. time. Det vil bli kjernetid i Tingparken frå kl. 09.00 - 15.00, men ope etter behov frå 07.00 – 17.00. Det vil komme kostpengar i tillegg. Elevane må ha gode uteklede og vere førebudd på at det meste av SFO blir ute.
For meir info:  ta kontakt med skulane eller pedagogisk rådgjevar på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., eller tlf 38349576
 
Opplæringslova: § 13-7.Skolefritidsordninga:
  • Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn. Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

  • Last updated on .

Adresse

Post- og besøksadresse:
Laukrokveien 4, 4595 Tingvatn

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 07.30-15.00

Kommunenummer:1034
Organisasjonsnummer: 964 963 916

Kontakt oss

Telefontid: kl. 07.30 - 15.00
Sentralbord: 38 34 91 00

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nød- og vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.


Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me