Frist for å melde inn søknad om spelemidlar til idrett og fysisk aktivitet i 2020 - Nærmiljøanlegg og idrettsanlett

Nye tiltak innan idrett og fysisk aktivitet som kjem inn under ordninga for spelemidlar må meldast inn til kommunen innan 15. september 2019. Det må gå fram av innmeldinga: - Prosjektnamn og stad - Ansvarleg for gjennomføring - Påreikna oppstart - Påreikna totalkostnad - Finansieringsplan Det kan søkjast om tilskot til nyetablering og rehabilitering av : - Idrettsanlegg - Nærmiljøanlegg o Må ligge i tilknytning til bu og/eller aktivitetsområder/skule o Må vere utandørsanlegg o Det kan søkast om inntil 50 % tilskot – øvre grense for kostnad er 600 000 kr – nedre er 50 000 o Nærmiljøanlegg med kostnad over 600 000 kr skal vere ein del av vedteke kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet Meir info om ordninga finn du på www.idrettsanlegg.no Her finn du og søkeportalen som skal nyttast ved endeleg søknad. Frist for innsending av endeleg søknad er 1. desember 2019.