Skriftstørrelse

Hopp til her

Kr 90.000,- til utvikling av skulebiblioteket på Eiken skule

BibliotekHægebostad kommune har etter søknad fått kr. 90.000.- frå Utdanningsdirektoratet til prosjektet «Aktiv innsats i forhold til språk i alle fag!»

Prosjektet skal bidra til å styrke og utvikle skulebiblioteka som ein meir aktiv læringsarena og samlingspunkt i undervisninga. Lesing, lytting, samtale og formidling av litteratur samt forfattarbesøk, både i det daglege og i høve til spesielle hendingar/arrangement. Alle lærarar er lese- og språklærarar – uansett kva fag dei underviser i. Hægebostad kommune har delteke i opplegget med «Språkløyper».

Midlane skulen har fått skal mellom anna nyttast til systematisk opplæring av elevar og tilsette i bibliotekbruk, vi skal leige inn eksterne ressurspersonar og vi skal auke ressursen til skulebiblioteket. Dette skal føre til meir leseglede og leseforståing, fleire bibliotekbesøk, meir aktiv bruk av biblioteket i undervisninga og biblioteket skal intergrerast meir i skulen sine planar og i fagfornyinga (den nye læreplanen frå 2020).

Elevane skal ha eigne skrivedagar på skulen, lyttevenner for elevar på småtrinnet og faste undervisningsøkter på skulebiblioteket i alle fag. Kombinasjonar mellom informasjon frå bøker/oppslagsverk og tilgang til informasjon via nettet.

  • Last updated on .

Adresse

Post- og besøksadresse:
Laukrokveien 4, 4595 Tingvatn

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 07.30-15.00

Kommunenummer:1034
Organisasjonsnummer: 964 963 916

Kontakt oss

Telefontid: kl. 07.30 - 15.00
Sentralbord: 38 34 91 00

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nød- og vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.


Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me