Skriftstørrelse

Hopp til her

Stenging av hallar

Stenging av hallar

Etter sommaren har det kome fleire spørsmål om stenging av hallane ved skulene. Det kjem difor her ei kort oppsummering av politisk handsaming av saka.

I samband med Økonomirapport 1.tertial fekk politikarane informasjon om at høge straumprisar er ein av grunnane til økonomisk meirforbruk for Plan og drift første del av 2019. Rådmannen føreslo derfor som eit straumsparingstiltak å stenge hallane ved skulene frå 20.06 fram til haustferien. Dette var vurdert som eit av dei tiltaka som gav minst negative konsekvensar, og rektorane ved skulene hadde signalisert at skulene kan finne andre løysingar for deira aktivitetar i hallane i perioden.

Politikarar gav positive tilbakemeldingar på at rådmannen kom med forslag om korrigerande tiltak for å halde budsjett. Det er ingen tilsette eller politikarar som ønsker å redusere tilbod, men tilbakemeldinga om at skulene meiner at denne reduksjonen tilknytt hallane kan løysast på andre måtar var viktig for politikarane.

Formannskapet var også tydelege på at det er viktig med god informasjon til brukarar av hallane. Det blei også signalisert at ein ønska at kommunen skulle ha ein dialog med idrettslaga om tidspunkt for stenging og opning av hallane, slik at ein i fellesskap kom fram til best moglege løysingar.

Stenging av hallane var ein del av Økonomirapport 1. tertial, og blei formelt vedteke når kommunestyret vedtok saka 26.06.19. Det er rådmannen med sine leiarar som informerer tilsette og andre aktuelle om dei politiske vedtaka som blir fatta.

Kommunen har anslege at dei sparar ca. 80 -100 000 kr i løpet av eit skuleår på dette tiltaket, dersom hallane er stengd frå påske til haustferie.

Stenging av hallane er negativt for tilsette som må finne andre alternativ til aktivitetar dei til vanleg har i hallane. Ei stenging fører også til at andre brukarar som blant anna idrettslag og korps må finne alternative løysingar for aktivitetar tilknytt hallane i denne perioden.

Det er mogleg å bruke hallane i perioden, men då må ein betale leige for dette, i samsvar med prisar i gebyrregulativet. I nokre tilfelle kan det også vere at brukarar kan nytte seg av andre kommunale lokalar som alternativ for nokre av arrangementa som skulle vore i hallen.

Det er bra at stenginga er på delar av året då det ligg godt til rette for å flytte mange av aktivitetane ut. Nokre foreldre har også signalisert at det er positivt at stenginga fører til at borna får meir tid utandørs.

Politikarane er oppteken av god informasjon til tilsette og frivillige organisasjonar i slike prosessar. I dette tilfellet kan det sjå ut til at dette ikkje har fungert slik ein forventar. Rådmannen vil informere formannskap og kommunestyre meir om dette i førstkommande møter.

Margrethe Handeland

Ordførar

  • Last updated on .

Adresse

Post- og besøksadresse:
Laukrokveien 4, 4595 Tingvatn

Åpningstider: Mandag-fredag kl. 07.30-15.00

Kommunenummer:1034
Organisasjonsnummer: 964 963 916

Kontakt oss

Telefontid: kl. 07.30 - 15.00
Sentralbord: 38 34 91 00

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nød- og vakttelefoner

Om nettstedet

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.


Personvern og informasjonskapsler

Følg oss

Logg inn

Login to your account

Username *
Password *
Remember Me