Kollemo skole er ein fådelt skule i Hægebostad kommune i Agder.
1. klasse går aleine. 2. og 3. klasse, 4. og 5. klasse og 6. og 7. klasse er saman i ein del av timane.
Det er i dag 96 elevar og 28 tilsette på skulen.
Vår visjon
Vi har stort fokus på at alle elevar skal oppleve skulekvardagen som positiv, og at kvar og ein skal få ei størst mogleg fagleg og sosial utvikling. Visjonen er at vi skal «finne talentet til kvar enkelt elev».
Skulens menneskesyn:
- Alle er like mykje verdt.
- Alle har moglegheit for å utvikle seg.
- Alle skal bli møtt med høflegheit, tillit og respekt.
Lenke til FAU for Kollemo skole