Forskrift om skolefritidsordninga for barneskulene

§ 7. Dagleg opphaldstid og årleg opningstid

SFO kan ha ulik opningstid for dei to skulane. SFO kan vera open alle vekedagar frå 07.00 - 16.30. 

SFO held stengt i juleferien, påskeferien og heile juli månad, og planleggingsdager.

På onsdagar og undervisningsfrie dagar kan SFO-tilbodet gis ved ein av skulane. Ved deltakarar frå begge skulane skal ein legge tilrette for å variere oppmøtestad, slik at begge skulane brukes som utgangspunkt for SFO-tilbodet.

Ved få søknadar kan skulane samarbeide om SFO og kun gje tilbod ved ein av skulane heile veka eller dagar.