§ 2. Verkeområde
Ordensreglane gjeld frå eleven går heimanfrå, og til eleven er heime att etter ordinær skoleveg til og frå skolen.
Reglane gjeld også på alle tilstellingar i skolens regi, og på turar og ekskursjonar.
Einingsleiar ved skolen kan gje unntak frå reglane, eller gje utfyllingar av reglane.