Forskrift om skoleregler for barneskolane

§ 4. Orden

  1. Alt som høyrer skolen til må handsamast greitt. Ein kan måtte erstatte det som blir skada. Bruk bokbind på fleirgangsbøker.
  2. Heimen melder frå til skolen når eleven er/har vore borte. Skolen ønskjer at foreldra melder frå til skolen første dagen eleven er borte. Dersom elevar skal ha fri, må dette avklarast på førehand.
  3. Ein skal fylgja dei reglane som blir sett om friminutt, om å hengja opp klede og om bruk av utesko/innesko.
  4. Alle må hjelpa til med å halda orden.
  5. Hald skolen rein for avfall. Bruk søppelkorgene!
  6. Ytterklede og hovudplagg skal henga på knaggane i timane. Skulen brukar utesko/innesko.
  7. Det skal vere arbeidsro i timane. Arbeidsoppgåver og lekser skal gjerast.