Forskrift om skoleregler for barneskolane

§ 5. Åtferd

Reglar for åtferd:

  1. Skolen set opp kva for område som er leike- og opphaldsområde. Elevane skal ikkje forlate området utan lov. Når det ringjer, skal elevane straks gå stille og roleg inn.
  2. Det skal vera triveleg å vera på skolen. Derfor må alle passa på å ikkje erta, mobba, plaga eller stenga nokon ute. Ein skal seie frå til lærar eller andre som arbeider på skolen dersom ein ser at nokon blir erta, plaga eller mobba.
  3. Ver høfleg mot andre på skolen! Banning, skjellsord eller usømeleg tale er ikkje lov.
  4. Leik som fører med seg fare for elevane, eller som kan vera del av undertrykking av andre, er ikkje tillate. Dette gjeld t.d. fotballsparking på indre plass, slåsting, sykling og snøballkasting. Snøballkasting kan bli tillate mot oppsette mål.
  5. Bruk av godteri er bare tillate i særskilde, på førehand avtalte høve.
  6. Tobakk eller rusmiddel er ikkje tillate.
  7. Bruk av mobiltelefon og andre kommuniserande einingar i skoletida er ikkje tillate utan etter spesiell avtale.