§ 6. Tiltak ved brot på skolereglene
Brot på reglane kan føre med seg innesitjing i friminutt, melding med heim, beslaglegging, inndraging, erstatning eller bortvising. Elevane vil bli vurdert i orden og åtferd kvar halvår, med tanke på positiv utvikling av orden og åtferd.
Dette er tiltak som kan brukast for å forbetra orden og åtferd:
Orden:
Tilsnakk frå lærar, samtale med lærar, arbeid med ugjorte heimeoppgåver i friminutta når det ikkje er rimeleg grunn til at oppgåvene ikkje er gjort, telefonsamtale/ samtale med heimen, samtale på rektors kontor, skriftleg melding heim, ekstra samtalar skole - heim.
Åtferd:
Tilsnakk frå lærar, samtale med lærar, innesitjing i friminutt, gå med vakt i friminutta, halda seg på særskilt tilvist plass i friminutta, eller borte frå særskilt tilvist plass i friminutta, måtte gå heim eller bli henta av foreldre.
I dei tilfella der tiltaka over har vore prøvd og ikkje ført fram, kan skolen setja i verk fylgjande straffetiltak:
Sitja inne med lærar i ein eller fleire timar/friminutt, inndraging/beslaglegging for kortare eller lengre tid, heil eller delvis erstatning, bortvising for resten av dagen, bortvising frå skolen for ein eller fleire timar eller bortvising frå skulebussen for ein eller fleire dagar. Regelen om bortvisning følger av opplæringsloven § 13-1.