Vedtekter
1 Formål
Barnehagane drives i samsvar med § 1 i Lov om barnehagar.
Barnehagane skal drives i samsvar med barnehagelovens bestemmelser, rammeplan og forskrifter, retningslinjer gitt av departementet, samt kommunale vedtak og planer for den enkelte barnehage. Aktiv bruk av omkringliggende tilgjengelige naturområder skal vektleggast i barnehagens lokale planar.
2 Eigarforhold og forvaltning
Barnehagane i Hægebostad eiges og drives av Hægebostad kommune.
Hægebostad kommune er barnehagemyndighet og barnehageeiger.
Enhetsleder for den enkelte barnehage har ansvaret for barnehagen.
Forslag om endringar skal leggast fram som sak for barnehagane sine samarbeidsutval.
Innspel frå samarbeidsutvala skal vere ein del av saksframstillinga til politisk handsaming.
3 Leike- og opphaldsareal
Hægebostad kommune har fastsett at leike- og opphaldsareal skal vere 4 m2 per barn over 3 år og 5,3 m2 per barn under 3 år.
4 Samarbeidsutval
Kvar barnehage har sitt eige samarbeidsutval beståande av
- 2 medlemmer frå foreldre
- 2 medlemmer frå tilsette
- 1 politisk vald medlem frå eigar
- Enhetsleder har tale- og forslagsrett
I tillegg skal kvar barnehage ha foreldreråd beståande av alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen, jf. Lov om barnehagar § 4.
5 Opptaksrutinar
Søknadsfrist ved hovedopptaket er 1. mars. Barnehageplassane tildeles frå august.
Det tildeles plasser fortløpende ellers i året ved ledig kapasitet.
Søknad sendes elektronisk til Hægebostad kommune.
Hægebostad kommune er ein opptakskrets.
Tildeling av plass gjeld til den blir sagt opp, eller fram til skulestart.
Endringar i opphaldstid/-dagar blir gjort på same elektroniske søknadsskjema som ved hovedopptaket.
Barn frå andre kommunar må søkje kvart år, og får plass dersom det er ledig.
Rett til barnehageplass
Lovfesta rett til barnehageplass (Lov om barnehagar § 16) gjeld berre i hovudopptaket, og då må du søke om plass innan fristen som er satt til 1. mars.
- Barn som er fylt eit år i august har rett til plass frå august. Barn som fyller eit år i september, oktober eller november har rett til plass frå den månaden barnet fyller eit år.
- Barnet må vere busett i Hægebostad kommune når dei byrjar i barnehagen
Opptakskomiteen består av enhetsleder i kvar barnehage og kommunedirektør. Desse har ansvar for hovedopptaket. Enhetsleder for kvar barnehage innstiller til opptakskomiteen og har møte- og uttalerett.
Enhetsleder for kvar barnehage kan innvilge søknader som kjem i løpet av barnehageåret dersom det er ledige plasser i barnehagen.
6 Opptakskriterier
Dersom det er fleire søkjarar enn plasser i barnehagane, skal opptaket foregå etter følgjande kriterier i prioritert rekkefølgje:
- Barn med nedsett funksjonsevne
Barn det er fatta vedtak om etter Lov om barnvern §§ 5-1, første ledd bokstav a til d, § 3-1 og § 3-4, 1 ledd bokstav b jmf. barnehagelov § 18. - Flyktningar busett i kommunen med rettigheter og plikter i henhold til
Introduksjonsloven - 5- åringar (siste år før skulestart)
- Søsken
- Barn av einslige forsørgjarar
Ved tildeling av plass blir søkarar som ikkje har fått tildelt sitt 1. ønske og takket ja til 2. ønske prioritert føre nye søkarar, med unntak av punkt a. i den prioriterte rekkjefølgja.
Rett til grunngjeving/klagerett
Søkarar som ikkje får barnehageplass som søkt om kan krevje ei skriftleg grunngjeving på kvifor. Klage på avslag eller ufullstendig oppfylling av ønskje skal sendes skriftleg til Hægebostad kommune. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunktet vedkommande søkjer har motteke svar om barnehageplass.
For klager gjeld Forvaltningsloven §§ 28 og 36.
7 Opningstider
Alle vekedagar kl. 06.45-16.30.
Det tilbys 4 dager dvs. 80 %, eller 5 dager dvs. 100 % plass.
Barnehagane er stengd julaften, nyttårsaften, og onsdag før skjærtorsdag.
Det blir ikkje gjeve betalingsfråtrekk for desse dagane.
8 For sein henting
Det kan bli gjeve eit gebyr på kr. 400,- dersom barnet blir henta etter barnehagens opningstid. Fyrste gong dette skjer vil det bli gjeve eit munnleg varsel. Ved gjentatt overskridelse av opphaldstida sendes det ut eit skriftleg varsel. Deretter vil det bli fakturert eit gebyr på kr. 400,- per gong.
9 Ferier
Det er fleksibel ferieavvikling frå og med veke 26 til og med veke 31. Barnehagane er stengd i veke 28 og 29. Alle barn må i løpet av desse vekene ha minimum 4 veker samanhengande ferie. Frist for å melde frå om når barnet skal vere borte frå barnehagen desse vekene er satt til 1. april. Dersom fristen ikkje blir holdt kan enhetsleder i barnehagen ta ut barnet dei vekene det er best for barnehagen. Det må vere 3 eller fleire born for at barnehagen skal kunne halde open desse vekene. Dersom det er 2 eller færre i ein av barnehagane vil barna bli samla i ein av barnehagane. Dersom det totalt sett er 2 eller færre born vil barnehagane holde stengt.
Oppstart av nytt barnehageår er etter ferieavvikling, frå veke 32.
10 Planleggingsdagar
Barnehagane har 5 planleggingsdagar i året. Barnehagane er då stengd. Det blir ikkje gjeve betalingsfråtrekk for desse dagane.
11 Oppseiing av plass i barnehage
Det er ein månads oppseiingsfrist for barn som har byrja i barnehagen, gjeldande frå den 1. i påfølgjande månad. Dersom plassen seies opp etter 1. april må det betalast ut barnehageåret (juni månad). Oppseiinga må sendast elektronisk.
Skulle det oppstå endra forhold etter at det er sagt ja til barnehageplass må plassen seies opp innan 1. juni. Dersom dette ikkje blir gjort må det betalas for august månad.
12 Foreldrebetaling
Kommunestyret fastsetter betalingssatsar og regler om foreldrebetaling.
Kostpengar kjem i tillegg. Satsen for kostpengar blir fastsatt av Samarbeidsutvalet i den enkelte barnehage.
Moderasjonsordingar
Moderasjonsordninger gis i henhold til forskrift om foreldrebetaling i barnehager.
Det er moglegheit for å kjøpe ekstra dagar, dersom det er ledig plass i barnehagen, til ein fastsatt dagspris som blir vedtatt av Kommunestyret.
13 Mislighald av foreldrebetaling
Ved mislighald av foreldrebetaling i meir enn to månader vil det kome ein skriftlig advarsel frå barnehagen om at barnehageplassen fell bort dersom det ikkje blir betalt i løpet av oppgjeven frist. Oppseiingstida er 14 dagar frå den dagen oppseiinga blir postlagt. Dersom foreldrebetalinga ikkje er betalt innan 1. august i nytt barnehageår vil ikkje plassen bli fornya. Det er enhetsleder som gjer vedtak om oppseiinga.
14 Forsikring
Barna er ulykkesforsikra i den ordinære barnehagetida, men ikkje på veg til og frå barnehage og bustad.
15 Helsekontroll
Etter Lov om barnehagar § 50 skal helseattest føreligge før barnet kan starte i barnehagen. Ved vesentlige endringar i barnets helsetilstand i løpet av tida barnet er i barnehagen er det føresette si plikt å opplyse barnehagen skriftleg om dette.
Personalet i barnehagane er pliktig til å gjennomføre tuberkulosekontroll i samsvar med gjeldande regelverk.
16 Internkontroll
Barnehagane følgjer kommunen sine rutinar for internkontroll.
17 Teie-/opplysningsplikt
Alle som arbeider eller utfører teneste i barnehagen har teieplikt, jf. Lov om barnehagar § 44. Barnehagepersonalet har opplysningsplikt til den kommunale helse- og omsorgstenesta og sosialtenesta og barnevernet jf. Lov om barnehagar § 45 og § 46.
18 Politiattest
Den som skal arbeide i barnehagen må leggje fram tilfredsstillande politiattest, jf. Lov om barnehagar § 30.
19 Spesialpedagogisk hjelp
Barn under skolepliktig alder har rett til har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom de har særlig behov for det jfr. Lov om barnehagar § 31.
20 Endringar av vedtektene
Endringar i vedtektene kan bare bli gjort av Kommunestyret.