5 Opptaksrutinar
Søknadsfrist ved hovedopptaket er 1. mars. Barnehageplassane tildeles frå august.
Det tildeles plasser fortløpende ellers i året ved ledig kapasitet.
Søknad sendes elektronisk til Hægebostad kommune.
Hægebostad kommune er ein opptakskrets.
Tildeling av plass gjeld til den blir sagt opp, eller fram til skulestart.
Endringar i opphaldstid/-dagar blir gjort på same elektroniske søknadsskjema som ved hovedopptaket.
Barn frå andre kommunar må søkje kvart år, og får plass dersom det er ledig.
Rett til barnehageplass
Lovfesta rett til barnehageplass (Lov om barnehagar § 16) gjeld berre i hovudopptaket, og då må du søke om plass innan fristen som er satt til 1. mars.
- Barn som er fylt eit år i august har rett til plass frå august. Barn som fyller eit år i september, oktober eller november har rett til plass frå den månaden barnet fyller eit år.
- Barnet må vere busett i Hægebostad kommune når dei byrjar i barnehagen
Opptakskomiteen består av enhetsleder i kvar barnehage og kommunedirektør. Desse har ansvar for hovedopptaket. Enhetsleder for kvar barnehage innstiller til opptakskomiteen og har møte- og uttalerett.
Enhetsleder for kvar barnehage kan innvilge søknader som kjem i løpet av barnehageåret dersom det er ledige plasser i barnehagen.