Kulturpris 2025 - ny frist for forslag!

Frist for å sende inn forslag til kandidat til å motta Hægebostad sin kulturpris 2025 er utsett til 4. august!

Også i år vil kommunen hedre ein person/organisasjon/gruppe med kulturpris. 

Formannskapet deler ut kulturprisen 2025 til ein person/organisasjon/gruppe som på særskild måte har utmerka seg innanfor ei frivillig kulturell verksemd, eller på anna måte utmerka seg med arbeid for kulturlivet i kommunen.

Den eller dei som får prisen må bu i Hægebostad kommune, eller ha ei særskild tilknyting til kommunen gjennom si verksemd.

Vi vil be dykk sende inn forslag på kandidat som de meiner er aktuelle til å motta prisen. Det må grunngjevast kvifor kandidaten er verdig Kulturprisen 2025.

Forslaga vil bli behandla konfidensielt.

Vi håper det kjem inn mange gode forslag!

Send ditt forslag til:

Hægebostad kommune, Laukrokveien 4, 4595 TINGVATN innan 4. august, eller på e-post: post@haegebostad.kommune.no Merk brev/melding med Kulturpris